Privatkunde
Â
For kjapp behandling av retur og reklamasjon må du henvenda deg til butikken du kjøpte varen hos.
Er ikkje det muleg, f.eks. fordi du bur langt frå butikken du kjøpte varen hos, kan du ta kontakt med oss.
Alle returar mÃ¥ godkjennast av oss før du sender dei – ta kontakt pÃ¥ epost: reklamasjon@skigutane.com. Ved godkjent retur mÃ¥ du fylla ut skjemaet nedanfor og senda det saman med returen.
Viktig å hugsa ved retur:
- Utfylt reklamasjonsskjema. Returar utan dette skjemaet blir ikkje behandla.
- Kopi av kvittering.
- Kleda skal vera nyvaska.
- Klede som er utslitt blir ikkje erstatta.
- Ved reklamasjon av ski, skal binding demonterast før innsending.
Me held oss til retten å erstatta feilvare med same vare eller tilsvarande vare.
Me godtar berre reklamasjonar sendt med Posten, alt anna vil bli returnert!
VED RETUR AV SKI – SKADAR SOM IKKJE VERT DEKKA AV GARANTIEN:
- Feilmontering/borring førekjem relativt ofte pÃ¥ nordiske ski. Ein vanleg feil er at det vert brukt mykje “moment”, slik at skruene losnar.
- Med mindre bindinga er montert ved fabrikken, vil lause bindingar osv. ikkje godkjennast som reklamasjonsfeil.
- “Soleslepp” og andre varmeskadar – f.eks. kvite flekkar eller kuler i solen – som regel oppstÃ¥tt i samband med bruk av smørejern.
- Brot som skuldast overbelastning, f.eks. oppstÃ¥tt under hopping. Ofte vert slike skadar konstatert etter ei tid etter at skaden oppstod, slik at skiløpar oppfattar saken som at “skia brakk mens eg gjekk i flat, lett terreng.”
- Oppflising bak / losna bakbeslag som følge av at skia er satt hardhendt ned i is eller på anna hardt underlag.
- Riper og slitasje i cap (transportskadar, stavmerker, sår etter stålkant m.m.)
- Riper i solen (køyrt på grus, stein, o.l.)






