Kari Traa Bula Åsnes Vossatassar White Planet

Bedriftskunde

Alle returar må godkjennast av oss før du sender dei – ta kontakt på epost: reklamasjon@skigutane.com.
Ved godkjent retur må du lasta ned og fylla ut skjemaet nedanfor, og senda det saman med returen.

reklamasjonsskjema - bedriftskunde

Viktig å hugsa ved retur:

  • Utfylt reklamasjonsskjema. Returar utan dette skjemaet blir ikkje behandla.
  • Kopi av kvittering.
  • Klede som er utslitt blir ikkje erstatta
  • Ved reklamasjon av ski skal binding demonterast før innsending.

Me held oss til retten å erstatta feilvare med same vare eller tilsvarande vare.

Me godtar kun reklamasjonar sendt med Posten og Tollpost, alt anna blir returnert! TOLLPOSTNR.: 5317623

VED RETUR AV SKI – SKADAR SOM IKKJE VERT DEKKA AV GARANTIEN:

  • Feilmontering/borring førekjem relativt ofte på nordiske ski. Ein vanleg feil er at det vert brukt mykje “moment”, slik at skruene losnar.
  • Med mindre bindinga er montert ved fabrikken, vil lause bindingar osv. ikkje godkjennast som reklamasjonsfeil.
  • “Soleslepp” og andre varmeskadar – f.eks. kvite flekkar eller kuler i solen – som regel oppstått i samband med bruk av smørejern.
  • Brot som skuldast overbelastning, f.eks. oppstått under hopping. Ofte vert slike skadar konstatert etter ei tid etter at skaden oppstod, slik at skiløpar oppfattar saken som at “skia brakk mens eg gjekk i flat, lett terreng.”
  • Oppflising bak / losna bakbeslag som følge av at skia er satt hardhendt ned i is eller på anna hardt underlag.
  • Riper og slitasje i cap (transportskadar, stavmerker, sår etter stålkant m.m.)
  • Riper i solen (køyrt på grus, stein, o.l.)