Soga

Skigutane er eit vossafirma som har vore i sportsbransjen sidan 1989. Me teiknar og lagar klede og ski som me leverar til sportsbutikkar i Noreg og utlandet. Du kjenner kanskje til merkevarene våre: Bula, Kari Traa, Vossatassar og Åsnes.
Dessutan er me ein munter gjeng som likar oss ute, anten det er på ski, brett, sykkel, i elv, i fallskjerm eller på tur!
1989 – Skigutane vart etablert av Hans E. Eide, tidlegare freestylekøyrar frå Voss.
Året før kjøpte Hans ein Bula caps i Colorado. Han vart kjær i denne og tenkte at kanskje fleire heima i gamlalandet kunne tenkja seg ein slik. Han ringte til Bulafabrikken og etter ein del samtalar og faksar, fekk han lov å importera Bulavarer til Noreg.
1990 – Navnet “Skigutane” ser dagens lys.
Navnet Skigutane kom etter biltur heim frå Åre Skiweek. Kompis Nils Morten Ringheim sat i bakrus og plutseleg datt ordet Skigutane ut av munnen på han.
1994 – Eit fargerikt høgdepunkt, Bula vert kjent over heile landet.
Fargerike bulahuer og panneband er poppis og når eit høgdepunkt vinteren 94.
Det vart ca. 60.000 km i året med XM´en lasta med Bulavarer. Bula vart særs kjent med hjelp av bl.a. Arne Hjeltnes og gutta på tur. Stine Lise Hattestad vann OL-gull i 94 med Bulahua på hove.
Heile denne tida var Familien Engelsen involvert i pakking, sending og diverse. Då Engelsen senior slutta i banken, so byrja han å jobba for alvor ;)
1997 – Bulabuksa blir født.
Erik Østlie byrja i firmaet og kom med ideen om å laga Bulabuksa. Det vart fort ein suksess og etter det badla det på seg.
2001 – Øyvind Lauritzen går inn som 50/50 partnar.
I 2001 flytta Øyvind med familie til Voss. Han fór og tvinna tommeltottar eit halvt års tid før han ikkje greidde å halda seg lenger. Han såg store utviklingspotensiale i varemerket Bula. Han gjekk inn som 50/50 partnar i selskapet og har sidan då laga ein eventyrleg vekst med Skigutane.
2002 – Kari Traa vert etablert.
Kari vinn OL i Deer Valley med Bula på hove. Då var det ikkje påbode med hjelm, so ho hadde på seg ei Bulahua. Det var stor ståhai og leven både der borte og her heima!
Sommaren kjem og idéen om å laga Kari huer kjem opp: Kari heklar og strikkar huer sjølv so kvifor ikkje knalla til og laga ein liten kolleksjon med huer og band. Jau, og med Øyvind og Cecilie Nielsen vert det laga eit A4-ark med 6 modellar og me sel 18.000 stk på eit papirark!!
2003 – Bulabuksa tar av, Skigutane flyttar til Tvildemoen.
Bulabuksa tar av i heile Noregs land. Buksa har vore eit vestlands- og skiplass fenomen, men no tek det av i byane og takk fø da!
Kari Traa kolleksjonane vert utvida og funnytoppane rular!
2004 – Distriktskontor i Shanghai, Kina vert etablert.
2006 – Åsnes Ski og Linken vert kjøpt opp.
Me er på dei viktigaste skiplassane i Alpane med Kari Traa: St Anton, St moritz, Zermatt, osv osv.
Etter litt tilfeldigheiter vert Åsnes skifabrikk kjøpt no på hausten. Også Linken binding vert kjøpt frå Narvik. Då er plutseleg Skigutane eit ekta skifirma som kan levera alt frå innerst til ytterst og topp til tå når du skal på ski. Skigutane består no av ein gjeng på 35, framleis med hovudkontor på Voss, distriktskontor i Oslo og produksjonskontor i Kina og Pakistan.
2007 – Kari Traa Concept Store vert etablert og Extrem i Åre vert kjøpt opp.
Verdas fyrste Kari Traa Concept Store (Kari Traa butikken) vart etablert i januar 2007 på Voss. Hausten same året vert Extrem Ski og snowboards i Åre, Sverige kjøpt opp.
2008 – Eigar av Folgefonn Sommarskisenter.
Me går inn som aktør i Folgefonn Sommarskisenter i april. August same året overtek me rettane til merkevaren Bula i Sverige, og opnar ein ny konseptbutikk (White Planet) i Åre i desember.
2009 – Rekordomsetning
Omsetninga aukar framleis og bikkar faktisk 200 mill i 2009.
2010 – Skigutane giftar seg.
Iløpet av våren 2010, er Skigutane på date med Active brands fleire gonger. No hoppar ingen av oss som kjent, til køys fyrste kvelden, men etter ei stund so vart det giftarmål. Brudlaupsfesten går det gjetord om enno i Vossebygda. Det er Kjetil Holta som eig Active brands. Han er ein triveleg kar frå Notodden som kan stå på ski i tillegg til å driva forretning!
2011 – Susar vidare
Skigutane susar vidare men diverre er det nokre av våre kjære medarbeidarar som har forlete oss dette året. Men me har fengje nye kollegaer iløpet av året også: Bjørn Dæhlie (BJ sport som Evelyn elskar å kalla det) er no vorte ein del av Active Brands. Bjørn er inne som eigar også. Trivelege langrennsfolk heile gjengen. Med på lasset er også Rode skismurning. Mange på Voss trur dette kjem frå Øvste garden i Gullfjordungen; Rode, men dette er italiensk smørjesnacks i verdstoppen.
2012 – Knallvinter, men utan skidag
Det har vore ein knall vinter her vestpå når ein ser med snømeterbrillene på. Over 3 meter snø både i Myrkdalen og Voss resort. Me kan ikkje klaga……. berre at Skigutane ikkje har hatt skidag enno, men den kjem snart.





