Vossasvinten
Vossasvinten – Vårens vakraste eventyr på Voss! Faktisk! Må ikkje forvekslast med Holmenkollstafetten ;-)
Her er årets spreke, glade gjeng:
Vossasvint’n skal motivera og inspirera damer i alle aldrar til fysisk aktivitet, sosialt samvær og mykje glede!
Overskotet skal kvart år delast ut til ein organisasjon eller lag som er basert på frivillig arbeid – for unge og eldre.
Med dette som utgangspunkt, er det ikkje vanskeleg å samla dei kvinnelege kollegaene hjå Skigutane til dette årlege løpet, som er motivet fram av Grete Waitz-løpet.
I år har det vore trening med motivasjon «Sexy til Veko» (les: Ekstremsportveko) og Holmenkollstaffeten, slik at nokon gjennomførte Svinten med løp heile vegen, nokon med nye rekruttar i barnevogna og nokon som gode gangarar gjennom den 4 km lange løypa.





