Kari Traa Bula Åsnes Vossatassar White Planet

Jomfru på vårens vakraste eventyr

Holmenkollstafetten 2012

Etter ei utfordring frå Holta Invest vart det til at me (Active Brands – BJ-Sport/Skigutane/Åsnes) stilte lag til årets stafett. Det skulle på ingen måte stå på viljen, og me var faktisk nok påmelde til at me kunne stilla med to lag!

Vossagjengen lada opp med pizza, øl og vin på toget, og invaderte Tigerstaden fredagskveld. Majoriteten av oss tilreisande hadde ikkje vore med på stafetten tidlegare, og ei heller før hatt eit startnummer på brystet i det heile! Utryggleiken kom sakte og roleg etterkvart som timane før start nærma seg. Ikkje for sjølve løpinga, men meir fordi ein ikkje heilt visste kva ein hadde i vente. Alt gjekk bra og alle kom fram til veksling. Me fullførte stafetten, og for fleire av oss var dette eit punkt som kunne strykast av lista over “ting eg skal gjera før eg dør”!

Viktig å påpeika at Active Brands 1-laget tok utfordringa frå Holta Invest på strak arm og gjekk av med sigeren internt!

Etter løpet inviterte komitéen v/ Simen og co. til ein aldri så liten fest på Oslo-kontoret: Ferske reker, herlege dip og forfriskande vin. Utdeling av medaljar til Active Brands 2-laget for god innsats og sjarm! Og ikkje minst, filmframvisning av stafetten med Erik Røste som kommentator. NRK har gått glipp av eit stort talent – Priceless, rett og slett!!

Når det gjeld spørsmålet om kven som vann festen er det ingen tvil: Det var ikkje BJ-Sport, ein gjeng “langrennsløparar” som denne gongen la seg tidleg :P Heller ikkje Skigutane/Åsnes sjølv om dei rula dansegolvet. Det var Holtagjengen som imponerte stort då ordtaket “Helt om natta, helt om dagen” også skulle visa seg å gjelda hjå dei!

Takk for ei fantastisk helg, kvar og ein! Wouldn’t be the same without you!

P.S. Grunna fokus på eigne prestasjonar under løpet vart det ikkje knipsa så mange bilete. Også like greitt at festen heller ikkje vart dokumentert biletleg ;)