Skigutane i NM-stemning
Skigutar og -jenter ikledd flotte Åsnesplagg frå topp til tå hadde saman med mange andre funne vegen til det flotte anlegget. Her gjorde me alt for å vera med og lyfta stemninga på arenaen! Trass kulde, vind og snøfokk var humøret på topp, og det vart “ikkje” ofra ein einaste tanke på iskalde fingrar og tær… Fokuset var sjølvsagt å heia fram alle utøvarane, og patriotiske som me er, heia me jo sjølvsagt ekstra mykje på Sjur og Kristen!



















