Fjols til fjells
Årets jolabord i Skigutane gjekk føre seg sist torsdag på ein plass som absolutt stod i stil til temaet. Stilige var også deltakarane, som stilte i alt frå vadmel og tversover til pels, paljetter og juletreglitter. Stemninga før avgang var til å ta og føle på!

Me fordelte oss i to bussar, og fyrste «stopp» på turen var ein «drive-in fjøs». Her blei det snart tydeleg at bonden hadde svært varme kjensler for dyra sine, så me kunne lett konstatera at ei Bula-ku er ei lykkeleg ku…

På jolabord er det lett å miste alle hemningar. Difor var det eit godt påfunn å gje dei involverte åndeleg styrke gjennom nattverd før festen starta. Her registrerte me at blådressane frå hovudstaden var fyrst i køen. Med Meister i glaset og Ritz på tunga var alle etter kvart klar for å gje seg over i fortapinga, eventuelt motstå den. Mange fekk nok karakteren svekka allereie under siste stopp på turen opp til fjellet, der drive-in kino plutseleg fekk ei ny betydning. Kva me fekk sjå må rett og slett sensurerast her, men me gler oss til reprisen neste år!


Årets fyrste snø gjorde seg til kjenne denne dagen, og til slutt kom me fram til eit Winter Wonderland på Mjølfjell. Her knitra det lystig i peisen, og fjellfjolsa frå Skigutane fekk ein varm velkomst.
Som seg hør og bør lyt ein ha ein skikkeleg årskavalkade, og i årets oppsummering inngjekk ei musikkvideo frå logistikkgjengen som fekk fram tårene hjå alle som var til stades. Overløparen Judas United vart også utpekt og premiert på høveleg vis (me nemner ingen namn, men det byrjar på Ø og sluttar på Lauritzen), og vinnaren av årets fruktkorg blei rørt av lykke. Den viste seg seinare å passa perfekt til nattmat.
Kva som vidare skjedde er noko uklart for fleire, men me trur at det meste gjekk føre seg i saumelege formar, med få unntak. Festen fortsatte ut i dei små timar, og sjeldan har så mange dansa linedance saman, iallfall på dette dansegolvet (og nokre av borda). Ryktet seier at ikkje alle kom seg til køys før frukost, og det seier seg vel sjølv at «arbeidet» på fredagen blei noko amputert. Heldige er dei som har ei sofa på kontoret, med ein rosa skinnfell å kvile seg på!
Årets jolabord går i historien som eit av dei betre, og me takkar alle bidragsytarar, spesielt Hans, Hege, Oddgeir og Kristoffer!


































