Eit julemysterium
Det var ein mørk og stormfull kveld. Regnet herja og piska hardt mot rutene medan vinden ulte som ein einsam ulv. Arbeidsdagen var over og alle tilsette på Vossakontoret hadde forlete bygninga. Tilsynelatande…
Eit svakt lys kunne skimtast oppi 3. etasje og kasta spøkelsesaktige skygger på veggane. Mistenkjelege lydar skapte ei uhyggjeleg stemning. Var det besøk frå ”den andre sida”?
Etter natta sine skjulte løyndomar var det atter arbeidsdag og alle spor frå “mørkets herre” var som viska vekk. Eller…?!
Synet som møtte dei tilsette oppi 3. var til å ta og kjenna på. Bokstaveleg tala…
I løpet av den mørke og stormfulle kvelden hadde “nokon” uhyggjeleg rulla kontorstolen til Christian Short med dopapir. Og “nokon” hadde gjort seg flid med å speilvenda heile kontoret til vår kjære Hege KRISTIN Magnusson.
Store spørsmålsteikn heng på rekkje og rad i lufta. Kva har skjedd? Kortid skjedde det? Kven gjorde det? Korleis vart det gjort? Kvifor vart det gjort?
Derrick har diverre avgått med døden. Det same med Columbo. Hercule Poirot er opptatt og Bergerac har gitt seg. Svaret på mysteriet let seg difor venta.
Kven er skurken som utan tanke for eige liv og helse (og eventuelle andre konsekvensar) står bak julenøtta 2011?
Skriv i kommentarfeltet om du sit med løysinga. Er du heldig kan du troppa opp på kontoret til Hege og plukka med deg noko frå goodiebag’en!








Det kan jo kun vere en person… Frøken H, gangsteren fra Trengereid, Haldis, i opprør av å miste kontor-kolegaen sin ;)