Båbrekko Opp!
Skigutane prøvde i år å delta på Stolzekleiva opp, men av ein eller annan grunn vart ikkje laget påmeldt. Me har ikkje fått vita grunnen endå, men mykje tyder på at det er eitt eller anna som gjekk gale. Ifølge BT så måtte ein ha rask PC, og de har me jo. “Nokon” har sagt til oss at arrangøren vart redd for at ein ikkje-bergensar skulle vinna i år, men det får me ikkje håpa er grunnen.
Difor, i beste Skigutane stil: “If you can’t join them, beat them”, og arrangerer difor Båbrekko opp same dato som Stoltzen, 23. september!
Stolzen har ei lengde på over 900 m, og 313 høgdemeter. Båbrekko har lengde på 230 m og 22 høgdemeter, så det vert ei utfordring.
Hjå oss treng du ikkje å ha rask PC for å vera med, derimot vert det i prøveåret, kun opna for Skigutane tilsette.
Så dersom du er Skigutane tilsett, ikkje nøl med å kontakta arrangementkomitéen. Alle andre er hjarteleg velkomen til å vera delaktig i å skapa god stemning!
Kart over Båbrekko Opp. Start ved brua.
Lengde og høgdemeter






Knallbra artikkel!
Eg trur det vil bli flust med påmelde! Er det kapasitet nok?
Har lest bedre!
Kanon! Eg melde meg herved på løpet!