Smalahovefest/20-års jubileum
Det var 210 sportshandlarar frå Båtsfjord i nord til Kristiansand i sør, Bømlo i vest til Trysil i aust som vart samla til å feira Skigutane sine 20 år i bransjen.
Dei fekk sjølvsagt heimabrygg servert frå betongpumpebil då dei kom, (ein heilt vanleg velkomstdrink på Voss.) Geir Løne og Pål Finne kokte hovene på gass ved inngangen og skapa den rette ramma rundt det heile. Nokre smarte hove hadde tenkt å tena nokre ekstra slantar på gjestane våre og sette opp ei salsvogn med smalahove takeaway rett utanfor inngangen. Tenk so frekt!


Song på rosa ark var det og…..

Hovene vart servert på 4 minutt der alle skigutar og jenter var med og serverte. Med instruksjon på storskjerm fekk gjestane i seg det meste av hove, og mange fekk ned auga óg. Mona Elisabeth (marknadsdamo vår) var med på scenen og åt hove og auga for fyrste gong. Bra jobba! Te lukka!!! Ikkje verst fø ei bydama!




Lotteriet vart helde og dei heldige vinnarane vart overlukkelege over dei fine vinstane. Særleg ho Ingrid frå Tysnes Sport, som vann gryteklutane som var gjevne av Gullfjordungen Sanitetslag.
Me fekk opp på scenen dei butikkane som har handla med oss i 20 år. Dei fekk ei lita gåve, men stamkundebeviset forsvann ein eller anna stad i lokalet, so det vert ettersendt.

Desserten var som vanleg sjokoladepudding servert i vår finaste porselen. Og servitørane frå Skigutane var kledd slik ein servitør bør vera. ”Ei magisk stund” sa ei av våre kvinnelege gjestar.





Etter ein kjapp snuing av lokalet vart det moteshow med alle merkene våre. Knallbra opplegg! Då alle dei mannelege modellane kom i berre undebrokje, sklei ho eina frå Salhus av stolen.



Me fekk møta rapparane Spiro og Romar som garantert vert kjendisar snart, før The Fabolous Couldhavebeens svinga oss inn vidare i festkvelden.



Alle fór heimatt og alle var samde om at det hadde vore ein feiring av 20 artige år i bransjen.



































Finnes det flere bilder fra moteshowet? :-)
Hei Ingrid,
Ja, desse bildene du ser er eit utvalg av det me har :)