Kan Skigutane koma ut på dansegolvet?
Diskokula var på plass og dommarane satt med argusauge og gav terningkast til samtlege par. Fri tolking av dei ulike danseformene gav publikum fantastisk underhaldning! Det var hard konkurranse mellom finalistane, men til slutt var det Kåre og Trude som dansa seg til topps og fekk utdelt pokalen frå ein knelande Hans.




Årets nyttårsbord var nemleg Skigutanes svar på “Skal vi danse” og bestod av 84 individ, utsøkt gourmet tapas, god drikke, eit breidt spekter av dans og musikk og eit festhumør utan like. Ikkje minst, var det også i år, live-innslag av bare overkroppar. To stk denne gongen - ein frå Voss og ein frå Oslokontoret (som óg hadde fest) via Skype. Og det er vel ingen som tvilar på kven dei var…

“Skigutane Danseband” beståande av vokalisten Kjetil, Hans og Frank på trekkspel, Christopher på gitar og Øyvind bak trommene, hadde premiere denne kvelden. “Talentfulle” karar skal ein leita lenge etter, men spørs om dei likavel vert ei døgnfloge…

Den uoffisielle sanninga om Skigutane vart avslørt gjennom filmen “Eitt bryllup og ei gravferd” med bl.a. Hanz og Bård Mario Superliano i hovudrollene.

Også i år var det ein premiepott til det fyrste paret som kan dokumentera å ha hatt seg på sjefen sitt kontor. Det har opp igjennom åra vore fleire ubekrefta rykte om at det har skjedd, men heller ikkje i år var det nokon krevde inn premiepotten på 10.000 kr. (U)heldigvis stod webkameraet på, så det levner ingen tvil denne gongen. Dessverre litt uklart, og det er framleis usikkerheit kring kven paret var. Har uansett sterke mistankar om at det heile er iscenesatt ;)
Takkar festkomitéen for eit fantastisk bra nyttårsbord – me gler oss til neste gong!












Helt nydelig..!!
:-)