Gåve som varmar fleire…

Denne jula kan du gje ei gåve som verkeleg varmar! Gje vekk ei lue eller eit skjerf eller kanskje noko du har strikka sjølv, og kjøp Kari Traa – Heimelaga merkelappar til å sy på! Settet består av fem spesialdesigna merkelappar og fem til- og frå-lappar. Kostar 150 kroner der alt går til Kirkens Bymisjon, så ordnar dei luer og vottar til dei som kanskje treng det aller mest! Og det er jo ei skikkeleg fin gåve!

Kari er kjempeglad for å tilby dette nye “produktet” i vinter. “Når whiteplanet.no tilbyr Kari Traa Heimalaga merkelappar, er det fordi at me såg dette som ein opplagt måte å sette fokus to viktige ting: At det vert laga masse flott som vert delt på nettet, og at i ei tid der me deler, må me også hugse på å gjere det med dei som treng det ekstra mykje.”





