Kari Traa Bula Åsnes Vossatassar White Planet

Custom Made – Add your DNA

 Kven har vel ikkje eit ynskje om å ha noko som ingen andre har? Noko som er unikt og som det berre finst ein av! Er du i tillegg ein ekte skifantom er dette den perfekte sjansen til å skapa noko unikt – grip den!

For her er saken: Med Custom Made kan du laga ditt eige design på frikøyringsski frå Extrem og fjellski frå Åsnes! Desse skia har fått mykje skryt av testkøyrarar og har komt godt ut i ulike skitestar, no kan du altså bestemme det grafiske uttrykket på dei.
Ta fram dine kreative, fantasifulle gener og leik deg fram til det perfekte designet på Custom Made.

Så gjenstår det berre å sjå fram til ein pudderrik vinter der du kan sola deg i glansen av skia dine mens du skrir nedover løyper og fjellskrent. Og når skisesongen er over? Jau, då lar du berre skia stå framme til utstilling – heilt til neste sesong!

Vinn Custom Made ski
Ut året har du også mulegheiten til å delta i konkurransen om å vinna Custom Made ski med designet ditt på! Vinnaren vert kåra basert på antal unike stemmer og ein jury. Meir om konkurransen kan du lesa på extrem.com.