Kari Traa Bula Åsnes Vossatassar White Planet

VM i fotball

I god tradisjon stilte Skigutane også dette året med eit lag i VM.
For dei uinnvidde står VM for VossaMeisterskap. I motsetning til fjorårets VM som var av det heller våte slaget, kunne ein faktisk skimte sola i år.


Vossatassane minus Knut + 4 maskotar

Me stilte med laget “Vossatassar” i mix-klassen. Damesida vår var det desverre litt tynnt, og verre vart det då Lene skada foten - då måtte Helga og Marianne spele heile kampane utan innbyte. Gjett om dei var slitne.

Fyrste kampen spelte me uavgjort, menn vann dei to neste. Då me kom til semifinalen møtte me eit lag som faktisk kunne spele fotball, og då fekk me rett og slett bank!

I ekta Skigutane-ånd gav me alt og hadde det morosamt heile vegen.


Takk for kampen :)

Laurdagskvelden vart tilbrakt på banketten på Smalahovetunet der musikk og dans stod for tur. Om me ikkje var stive og støle frå kampane me spelte, så var me iallfall det etter banketten!




1 Kommentar