Tandemhopp
To av våre nytilsette fekk seg ei overrasking dei seint vil gløyme. For kva er vel meir naturleg enn eit tandemhopp som avslutting på Skigutaneskulen?
Kari og Andreas er nytilsette i logistikkavdelinga til Skigutane. Kari jobbar på Voss og Andreas jobbar i Sverige med ansvar for den svenske delen av logistikken. Den siste veka har begge vore på Voss på opplæring, i den såkalla Skigutane-skulen der alle nytilsette skal ha nokre dagar på Voss for å lære om soga og kulturen til Skigutane.
Takka vera Trond, logistikksjefen vår på Voss, skulle ein heilt vanleg lunsj for Kari og Andreas, vise seg å vera noko heilt anna. Først då dei nærma seg Fallskjermklubben i Bømoen begynte det å demre for dei kva som var i ferd med å skje. Det var på med utstyret – og etter grundige instruksar var det rett inn i det ventande flyet. Vel oppe i dropphøgde fekk dei seg nok ein ekstra støkk då Trond utan noko førevarsel hoppa ut av flyet - for ikkje visste dei at Trond hadde mange hopp på samvittigheita. Då var det berre å hoppa i det – bokstaveleg talt - og begge fekk kvart sitt flotte tandemhopp over Voss i nydeleg vêr.









