Brudlaupsfeiring, gravferd og mykje anna
Muskelsmerter, x antal gjesp, trøytte fjes, færre hjerneceller og mange gode minner!
Det er resultatet etter to intense dagar fullpakka av morosame, sporty augneblink og festlegheitar med Skigutane! Over 100 tilsette frå Voss, Oslo, Sverige og Shanghai + folka frå Active Brands var samla her på Voss for å delta på ei brudlaupsfeiring, ei gravferd, eit 20-års jubileum og ein innflyttingsfest -alt på ein gong.
Etter litt fagleg påfyll vart fyrste dagen tilbrakt med rebusløp rundt i sentrum. Det i seg sjølv var ei oppleving med tanke på oppgåvene som skulle fullførast. “Finn ein dildo”, “få inn så mange folk som muleg i ein telefonkiosk”, og “film doden” var nokre av dei – og dette til stor forvirring blant dei mindre lokalkjende. Sitat frå ein austlending: “Hva er en doden for´noe?!” og sitat frå ein danske: “Hva er doden på engelsk?” Rebusløpet enda ved Hangursheisen der Hans serverte heimabrygg frå ein sementbil! Deretter bar det opp med heisen for å feira ekteskapet mellom Skigutane og Holta Invest / Active Brands. Hans var den perfekte brura og Jon Inge Gullikstad, dagleg leiar av Active Brands, var den kjekke brudgommen. Epic! Det finst ikkje ord for å skildra denne feiringa, berre sjå bileta!
Etter litt meir fagleg påfyll dagen etter, var det tid for å vekkja konkurranseinstinkta med friidrett. Sjølvsagt handla det berre om å vinna, kosta kva det kosta vil!
På kvelden var det oppmøte til Skigutane´s eigen parade med drilljenter, korps og fane i leiinga, fylgt av fargerike, stivpynta Skigutar og -jenter. Er sikker på det var litt av eit syn!
Deretter var det offisiell opning av dei nye kontora med trommevirvel og snorklypping, og feiringa av Skigutane sitt 20 års jubileum kunne byrja! Med fantastisk, smakfull tapasmiddag og god drikke vart smaksløkene våre meir enn tilfredsstilt!
Matorgien enda med ei morosam, men absurd oppleving som absolutt krydra kvelden, og me lo oss nesten skakk i hel av den surrealistiske scenen som fant stad:
Gisle Strøm, eks-salssjef på Kari Traa hadde tidlegare bestemt seg for å forlata selskapet til fordel for nye utfordringar hos Moods of Norway. For å ta skikkeleg farvel med han og visa vår takksemd for tida han var med oss, fekk han ei uforgløymeleg gravferd! Som seg hør og bør i gravferd vart det felt mang ei tåre, -dog av latter. Og moralen er – “Har du fyrst kome deg inn i Skigutane så kjem du ikkje ut med livet i behald!” ;)
Etter at Gisle stod opp frå dei døde gjekk me ned til hotell Jarl for vidare dans og moro. Det som skjer vidare utover kvelden og natta er dessverre litt tåkete, men kan så vidt erindra heite takter og sveitte kroppar…
Me tar hatten av og seier tusen takk til komiteen (Hans, Lene og Bettina) som planla det heile, og me seier Amen til alle dei fantastiske, forvridde idéane de lirka ut av dykk, den eine etter den andre! Me veit jo alle at latter forlengjer livet, og då kan ein trygt påstå at me kjem til å leva i all æva etter desse to dagane!











































