Kari Traa Bula Åsnes Vossatassar White Planet

Julebord

Dansing, tapasdigg, strippeshow, makaber sjukepleiar- og lege-seanse (!), prisutdeling, dansing, dansing og ja, dansing igjen. Dette oppsummerer årets suksess julebord (som eigentleg skulle vera i fjor, men som vart utsatt til januar). Nesten synd at det er eitt år til neste gong!

Kvelden vart innvia med, tru det eller ei, reinlenderkonkurranse der paret med best improvisasjon innan gitte rammer skulle kårast. Konkurranseinstinktet til 50 skigutar- og jenter vart skjerpa, og fantasien var det absolutt ikkje noko i vegen med! Ørjan og Fredrik sin klovnereinlender burde absolutt ha fått ein pris, men reglar skulle fylgjast og vinnarane vart til slutt Stig Gunnar med underteikna som dansepartnar!

På matfronten vart det servert tapas opp og tapas i mente. Smaksløkane vart tilfredsstilt og magen metta. Ein god dose inntak av drikke og føde vart grunnlaget for resten av kveldens største aktivitet, nemleg dansing. Men fyrst… det skjedde jo litt saker og ting under middagen som er verdt å nemna…

IT-avdelinga med Oddgeir i spissen overtok sceneshowet med kolleksjonsframvisning. Med stor iver viste han IT´s T-skjorte- og hardvare-kolleksjon. Med namn og arbeidstitlar som “Turn me on”, “I just did I.T.” og “Strap on with balls for mouse” er jo kolleksjonen berre nøydd til å bli ein hit!

IT- og webavdelinga fortsatte med “Årets IT-prisar” med diplom og gullmus. Vinnarane i dei ulike kategoriane var:
Årets PC-knusar: Bettina
Årets spammar: Fredrik
Årets P-45: Dag Sverre
Årets ærespris: Bjarte
Om nokon lurar på kvifor dei vann er det jo berre å spørja dei ;)

Elles fortener Fredrik absolutt heder og ære med sitt impulsive, ultimate strippeshow som han holdt med god innleving og hoftemoves!
Hoftemoves vart det også meir av utover kvelden der danseløvene- og løvinnene inntok golvet. The undertaker-dj´en hadde ein fantastisk samling med musikk og gjorde ein fabelaktig jobb med å halda oss i takt.

Me takkar komitéen (Hans, Lene og Bettina) for ein fantastisk fest, dette var absolutt ein av dei beste!

P.S. Ord kan ikkje skildra sjukepleiar- og lege-seansen med komitéen (Hans, Lene og Bettina). Sjå bileta!
Og hm… vart det verkeleg tauhopping óg?!